I møte med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre drøfta vi korleis hytteeigarar som ynskjer å leige ut hyttene i periodar dei sjølv ikkje brukar dei, også kan gjere hyttedraumen om til ein lønnsom investering.

Dette har Norwegian Fjords Holiday lagt til rette for ved å organisere ein profesjonell og velorganisert modell for utleie. Vi vil bl.a sikre god tilgang på kundar som vil leie; ordna forhold for booking, klargjering og sluttvask, slik at det skal vere enkelt og utan bekrymring for hytteeigarar å leie ut og tene penger på hyttene.

Som ledd i dette har vi hatt møte med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre. I møtet blei det blant anna drøfta kva vi kan tilby av utleie-einingar på Almestranda. DÅS melder tilbake at det er “spot-on” kva dei treng for sal av Fly & Drive pakkar til fleire europeiske marknadar. Spesielt Nederland og Tyskland, men til dels også Storbritannia. Spania og Frankrike viser også veksande etterspørsel for denne buforma.

Dei turoperatørane DÅS jobbar med, og som er spesielt interessert i Almestranda er turoperatørar vi kjenner godt til, og som vi har samarbeid med i mange år i andre destinasjon som Hamn på Senja.

Norwegian Fjord Holiday vil jobbe vidare med å finne samarbeidspartnarar for booking og vertskapsrolle for utleigeverksemd.