Sunnmøres mest attraktive fjordhytter ligg i hjarte av Sunnmøre. I ein spennande region både når det gjeld næring og natur, er Norwegian Fjords Holiday i ferd med å bygge kvalitetshytter ved Vartdalsfjorden. Les meir om Sunnmøre her.

Den kongelege fjorden – Hjørundfjorden på Sunnmøre

Midt mellom dei spisse fjelltoppane til Sunnmørsalpane ligg Hjørundfjorden med sine 33 km innover i landet. Langs vegen ligg mange levande bygder og veglause små samfunn, med ulike opplevingar.

Langs Hjørundfjorden finn du veglause små samfunn. Du har kanskje sett Instagrambilete av huska i Trandal der det nesten kan sjå ut som ein sit utpå fjorden og dinglar med beina? Turistar frå heile verda kjem til denne vesle bygda og den vakre fjorden berre for å prøve dissa ved Christian Gård.

Hjørundfjorden er unik!