På denne sida får du informasjon om Hareid kommune, og fleire av aktivitetane knytt til kommunen. Drøym deg vekk med ei god bok på Hareid folkebibliotek i eit nytt og moderne bibliotek, eller lån med deg lesestoff tilbake til hytta. Om du har lyst på ei treningsøkt er det mogleg, fordi Hareid har to treningssenter.

Kanskje du er golfinteressert eller berre har lyst til å prøve? Ja, då har Sunnmøre Golfklubb ei 9-hols golfbane samt moglegheit for å spele fotballgolf. Om sommaren kan du nyte late dagar ved Overåsanden – kanskje Sunnmøres flottaste strand.

Bli kjent og få informasjon om vårt spennande nærområde

Om Hareid

Hareid ligg på øya Hareidlandet i Møre og Romsdal. Hareid grensar i vest til Ulstein, og er ellers er den omgitt av øykommunene Giske og Sula i nord og aust, og over Vartdalsfjorden av Ørsta. Det høgaste fjellet i Hareid er Kongsvollen (683 moh.), og er grensefjellet mellom Hareid og Ulstein. Og det nest høgaste er Melshornet (668 moh.), og det høgaste fjellet på øya er Blåtinden (697 moh).  Det største vatnet er Snipsøyrvatnet (3,19 km²).

Sunnmøres mest attraktive fjordhytter ligg i ein fantastisk natur med utsikt til det beste Noreg og Sunnmøre har å by på av fjell og fjordar. Almestranda ligg lunt og vakkert til ved fjorden.