Eit spennande kapittel i norsk historie – Ishavsmuseet

I nærområdet til fjordhyttene og ein kort biltur kan du besøke Ishavsmuseet Aarvak, lokalisert på Brandal på Sunnmøre. Her kan du oppleve historia frå sjøfarts-, fangst- og polarhistoria. Ishavsmuseet Aarvak er eit spesialmuseum innan emnet polar, med hovudfokus på Norsk selfangst og overvintringsfangst.

Nærområdet byr på skuter av tre og mannskap av jarn

Ei spanande soge i vårt nærområdet om ishavets sanne heltar, kvardagsheltane, og om ei næring som skulle få så mykje og seie for ein heil nasjon. Selfangst og overvintringsfangst. Mennene som kjempa mot naturkrefter og heimlengsel. Dei som reiste ut 15 år gamle utan tvil i sjela. Skipperar og fangstmenn. Det handla om og overleve, og kanskje oppfylgje ein draum om rikdom. Mange kom ikkje attende, men fekk si våte grav. Det var skuter av tre, og mannskap av jarn.