Almestranda 397 er eit eldre gardsbruk som ligg vakkert og lunt til i Vartdalsfjorden. Norwegian Fjords Holiday har saman med kommunen utført eit reguleringsarbeid i to runder for å skape fjordhyttene med minimale naturinngrep. Det har i arbeidet med reguleringa vore viktig å skape eit minst mogleg fotavtrykk i naturen. Dei 46 hyttene er teikna av selskapet Arcasa og arkitektfirmaet har lagt vekt på å designe eit moderne og heilskapleg uttrykk.

20 fjordhytter

Norwegian Fjords Holiday har som målsetting å skape kvalitetsturisme på Sunnmøre, og vil med fjordhyttene i Almestranda utvikle ein attraktiv lokal destinasjon på Sunnmøre og i Hareid kommune. 20 fjordhytter ligg i rekkeformasjon ved sjøkanten medan 26 frittliggande hytter kjem i neste omgang på oversida av gardstunet.

Båthamn

Båthamna med sjønære aktivitetar blir ein svært viktig del av fjordhyttene. Båthamna gir muligheit for at du som hytteeigar kan nytte deg av fjorden til både rekreasjon og aktivitet. Vartdalfjorden har fleire gode fiskeplassar, og det er mogleg å dorge etter sjølve juvelen blant fiskar: laksen.

Fjorden

Vartdalsfjorden er ein fjord i Hareid, Ulstein og Ørsta kommunar i Møre og Romsdal. Den er om lag 20 kilometer lang, og ligg mellom øya Hareidlandet og Vartdalsstranda på fastlandssida. Frå Almestranda og fjordhyttene vil du kunne sjå heile fjorden frå Hjørungneset til øya Eika like utanfor Eiksund.