Søndag 18. juni blei det gjennomført ein vellukka visningsdag av fjordhyttene ved Almestranda. Om lag 25–30 personar hadde møtt fram.

Tilstades var bl.a Hareid kommune ved ordførar Bernt Brandal, prosjektleiar Julie Sundgot Andersen i Hareid Vekst, pressa ved Vikebladet og fleire interesserte.

Ein begeistra ordførar

Etter ei kort opning ved Jostein Storøy, var det ordføraren som fekk ære av å opne prosjektet formelt. Brandal sa at etablering av eit feriesenter på Alme, ja det er kjempepositivt og vil gje ringverknader for innbyggarar og næringsliv, og meinte dette passar veldig godt inn i kommunen og Vekst i Hareid si reiselivssatsing. Han sa vidare – Eg synest det er heilt rett av dykk å satse her og syntes i grunnen det er rart at ingen har gjort det før. Han sa at dei er heldige som får lov til å etablere seg og investere på Alme.

Mange års erfaring

Ole-Henning Fredriksen har mange års erfaring med liknande reiselivsprosjekt, blant anna Hamn i Senja. Han er tydeleg på at fjordhyttene ved Almestranda er eit kvalitetsprosjekt med høg standard og langsiktig satsing.

Ein vellukka visningsdag

Fredriksen avslutta den formelle delen og det blei tid for servering og omvisning. Det var ein varm og god dag og Almestranda og prosjektet fekk vist seg frå den beste sida. Det blei ein særs vellukka visningsdag.

Les kva Vikebladet skriv om prosjektet (abonnement).