Fjordhyttene ligg vakkert til ved Almestranda i Hareid kommune, sørvendt og lunt plassert ved den mektige Vartdalsfjorden. Her kan du kvile augene på noko av det finaste Noreg har å by på, fjord og fjell.

Almestranda og varmekjær tresort

Stadnamnet kjem av den varmekjære tresorten alm og vitnar om eit mildt klima. Dette er ei unik moglegheit til å få seg ei hytte i strandsona, også kjent som 100-metersbeltet. Almestranda gir rom for rekreasjon og avslapping, men med gode moglegheiter for aktivitetar som fiske, båtliv og fjellturar.

Sjønært

Det er få nye sjønære hytter i Noreg. Ein innskjerping av 100-metersbeltet i strandsona har gitt færre sjønære hytter. Sunnmøres mest attraktive fjordhytter er unik. Fjordhyttene ligg dessutan berre eit steinkast unna det resten av Sunnmøre har å by på.